Handlevogn

Produkter : 0  
Totalt : Kr 0.00 Gå til kasse

Hjem / Reportasjer.

Unik funn !!! 100 Mills håndgranater funnet i 2 dropp containere 18. mai 2015.

Like før krigen var over i 1945 skal det ha blitt sleppt 52 små konteinarar med granatar i dette heiområdet på Fjone. 27 av dei er dokumentert funne så seint som i 2005. Like ved Dyrvasshytta ligg det framleis konteinarar og andre ting frå flysleppa.

Fire av karane på fellesturen gjekk rundt 600 meter frå hytta, og kom til å sjå under ei gran med greiner heilt ned til bakken. Plutseleg fekk dei sjå to små konteinarar som var opne i eine enden.

– Me såg i alle fall ti granatar der, seier naturlos Gunhild Momrak, som var bort og såg på funnet.

– Me lea ikkje på noko, bare stilta oss tilbake. Det var veldig spennande, seier naturlosen.

Flaks

Akkurat denne hendinga vil nok garantert sitje som klistra i historia til toppturgruppa.

– Det var veldig spennande at det blei oppdaga noko slikt på turdagen. Flaks, må ein vel seie, kjem det frå Momrak.

I Fyresdal er det tilbod om å bli med på toppturar med naturlos så og seie gjennom heile året. Kristi himmelfartsdag var det tid for å køyre over heia til Fjone, opp til Grytestøyl og så gåtur derfrå til Dyrvasshytta.

– Me var 25 på turen, som blei kjempefin. På hytta blei me møtt med suppe laga av Inger Angell og Halvor Solberg, og så var det ei flott omvising i området, seier Momrak.

– No står me her og luktar krut

Orda kjem frå fyresdølen Bård Solberg, rett etter at han som ein av fire personar frå Forsvaret hadde sprengt dei 100 granatane på Fjoneheia laurdag.

Solberg var med på toppturen til Dyrvasshytta Kristi himmelfartsdag då det blei funne to konteinarar med granatar frå krigen. To dagar etterpå då VTB ringde han, hadde Forsvaret akkurat sprengt alle granatane.

Funnet blei gjort av turdeltakarane Sverre Nape, Ola Olstad, Georg Kile og Gunnar Høyland. Sidan dei hadde vore i området tidlegare, visste kvartetten kvar dei fleste konteinarane låg.

– Det hadde no vore artig å funne ein konteinar full av våpen, lira karane ut av seg, før dei forlét resten av gjengen på verandaen på Dyrvasshytta og tusla oppover heia.

Ryddegrupper

Etter ei stund kom karane ned att med eit lurt smil om munnen, og viste Solberg eit mobilbilde med granatar av ei form som han tydeleg kjende att. Solberg jobbar i Forsvaret.

– Ein litt større gjeng gjekk opp for å sjå på funnet, og eg blei med for å vere sikker på at eg ikkje hadde blitt lura. Men det stemte, seier Solberg.

Under grana såg han i alle fall 20-25 eldgamle handgranatar av typen Mills.

– Dei var sterkt rusta og korroderte, og viste svake teikn på krystallisering. Det er eit veldig klart teikn på at granatane må liggje i fred til fagpersonell kan ta hand om det, seier Solberg.

Etter at gruppa hadde trekt seg unna funnet, varsla Solberg politiet og opplyste om posisjonen. Då dette var materiell frå krigen har ikkje politiet noko ansvar for rydding. Det er lagt til Forsvaret og eigne EOD-grupper (grupper for eksplosivrydding) rundt i landet.

Politiet kontakta Forsvarets operative hovudkontor (FOH), som etterpå ringte Solberg for å få detaljar om saka.

– Eg sa me ynskte granatane fjerna umiddelbart då det er både turgåarar og barn som ferdast i området, i tillegg til at funnet byrja å bli kjent, seier Solberg.

Veldig farlege

Ressursmangel gjorde at FOH ynskte å utsetje destrueringa til starten av denne veka. Etter press frå politiet og Solberg, klarte ein likevel å finne to personar til oppdraget, men dei var elleve timars køyretur unna …

Fredagskvelden var EOD-troppen med Andreas Hofstad og Jørgen Olden framme i Fyresdal. Så gjekk turen til Grytevatn. Kvartetten, inkludert hjelparane Solberg og Marius Mood frå Treungen, var framme ved Dyrvasshytta like etter midnatt og sov der.

Tidleg om morgonen tok EOD-gjengen på seg utstyr og reiste til funnstaden.

– Det blei raskt avklart at det var snakk om mange granatar, og fleire av dei var i særdeles dårleg stand. Granatane som hadde rulla ut av konteinarane var så rusta at tryggleikssplinten var rusta vekk. Det gjorde granatane veldig farlege for operatørane og omgjevnadene, seier Solberg.

Det blei utført kontrollert flytting av ein og ein granat bort på næraste bergnabb. Ved dei to konteinarane var det totalt 100 granatar. Somme av dei var halvt nede i torva under grana. Desse risikerte ikkje EOD-gruppa å flytte, så granatane blei sprengte der dei låg, på same tid som alle dei som var samla saman.

Sjeldan så mange

– Me flytta oss i god tryggleiksavstand og tok dekning bak ein stor stein. Eg var så heldig å få fyre av herlegheita. 20 kilo sprengstoff gav eit skikkeleg drønn og pulveriserte dei gjenlevande krigsminna. Det blei ei flott sky av røyk som seiv nedover dalen, medan drønnet frå smellet ljoma nedover fjellsidene, fortel Solberg.

– Me var godt fornøgde med å få fjerna ein slik stor trussel frå området. Lagføraren sa det var eit bra prosjekt, for 100 granatar er ikkje daglegdags å finne heller ikkje for Forsvaret, seier Solberg.

Etter at funnet har byrja å bli kjent, veit Solberg at privatpersonar no vil opp i heiområdet og leite etter krigsutstyr.

– Det vil eg råde dei til ikkje å gjere. Leiting etter krigsutstyr må bli ei større sak, til dømes ved å nytte heimevernet, seier Solberg, som har tru på at Forsvaret jobbar vidare med saka.

Det jobbast elles med no å få lagt ut på internett ein film om sprenginga av granatane.

Standard handgranat

Mills er britisk, introdusert i 1918 og blei bruka som standard handgranat i det britiske forsvaret frå 1930 til 1970. Under krigen blei store mengder Mills droppa rundt om i Noreg som forsyning til motstandsrørsla. Mills kunne bli bruka som både handgranat og riflegranat, då med ein pinne skrudd inn i botnen av granaten som fungerte som ejektor og styre i lufta.

Sprengstoffet som ble bruka er av typen Baratol. Granaten blei laga både i fire sekundars og sju sekundars versjon. Truleg blei det laga rundt 70 millionar granatar av typen Mills.

Åtvarar mot å røre krigsmateriell

I samband med funnet på Fjoneheia oppmodar politiet og Forsvaret om aldri å røre konteinarar med krigsmateriell, om ein skulle oppdage slikt. Materiellet kan sjå intakt ut, men ved å røre handgranatar kan det utløyse plutseleg reaksjon. Det kan også kome ein eventuell forsinka reaksjon slik at utstyret kan gå av lenge etter at det er lagt ned att, eller ein i verste fall har tatt det med seg.

Ved funn skal politiet varslast, merk om mogleg posisjonen, gje mest mogleg opplysningar og eventuelt send bilde om ein kan ta det utan å risikere nokon for fare.

«Krigsmateriell er ikkje leiketøy, og må ikkje rørast av andre enn utdanna fagpersonell frå enten politi eller Forsvaret.» 

Varenr.: 89
Vekt: 0.000 kg
Høyde: 0.000 cm
Bredde: 0.000 cm
Lengde: 0.000 cm
Pris: Kr 0.00

Nyheter



Dereks Militaria er en internet basert antikvitetsforretning som har spesialisert seg på kjøp og salg av militære samleobjekter. Utvalget av militære gjenstander strekker seg fra mange land men samleobjekter fra Norge og Tyskland er mest representert. Alle norske (NS) og tyske varer produsert i tidsrommet 1933 - 1945 (Det tredje riket), selges til samlere på et historisk og seriøst samlergrunnlag. Denne web-siden er forbeholdt skandinaviske samlere og er kun tekstet på norsk. Alle varer solgt hos Dereks Militaria er garantert ekte og selges i henhold til norsk kjøpslov.

Dereks Militaria er den eneste virksomheten i Norge som kun selger militære antikviteter og samleobjekter over nettet hvor kundene kan handle via forretningens handlekurv.

Dereks Militaria ble etablert i 1993.